Utlån av tilhengar

Skulekorpset kjøpte i 2008 ein etterlengta tilhengar til transport av instrument og liknande, men tilhengaren er òg tilgjengeleg for utlån til foreldre av korpsmedlemmer. 

Utlån av tilhengaren er berre til eige bruk og berre til finsleg og rein transport, som for eksempel flytting, transport av møbler etc. Tilhengaren skal ikkje brukast til ”skitten” transport, som for eksempel transport av sand/grus, ved, stein etc. 

Tilhengaren vert lånt ut i 1-3 døgn og berre i periodar når korpset sjølv ikkje har bruk for han. Prisen per døgn er kr. 100, og vil gå til å dekka normalt vedlikehald. 

Eventuelle skader som måtte oppstå under utlån må dekkast av den som låner tilhengaren. Tilhengaren kan hentast og leverast hos:

Ingvar Vigdel
Vigdelsveien 83
4053 Ræge
Mob: 996 12 437 

Helsing korpsstyret

Last ned og signér skjema for utlån