Uniformsreglar

Skulekorpset opererer med tre ulike uniformer, og før kvar hending vil det bli gitt beskjed om kva uniform musikantane skal stilla i. For å gjera det litt enklare å halda styr på dei forskjellige har me laga ei forklaring på dei ulike uniformene:

(vask og reins av uniforma kan du lesa om nedst på sida) 

Kvardagsuniform:

  • Raud collegegenser
  • Kvit t-skjorte
  • Dongeribukse
  • Joggesko

Aspirantuniform

  • Raud collegegenser
  • Kvit t-skjorte
  • Svart uniformsbukse
  • Svarte gutesko
  • Svarte sokkar

Inneuniform:

  • Kvit skjorte med gutekrage
  • Sløyfe
  • Vest
  • Uniformsbukse
  • Svarte gutesko
  • Svarte sokkar

Uteuniform:

  • Kvit skjorte med gutekrage
  • Slips
  • Jakke
  • Uniformsbukse
  • Svarte gutesko
  • Svarte sokkar
  • Hatt
  • Kvite hanskar: Vert brukt når dirigenten ber om det, elles skal hanskane berast under skulderklaffen (på same side hos alle musikantane).

Uniformene er med på å trekka opp eller ned heilskapsinntrykket i konkurransar og arrangement, det er derfor viktig at uniformene er mest mogleg like. Skulekorpset følgjer uniformsreglane til Norges Musikkorps Forbund, og her er ei detaljert forklaring på korleis uniforma skal sjå ut:

Medaljar og skjortekrage:

Medaljane skal berast på venstre side av uniformsjakka. Pass på å ikkje stikka gjennom stoffet. Det skal brukast kvit skjorte med gutekrage.

Stjerner:

Musikantane får ei stjerne for kvart år dei har gått i korpset, og stjernene skal syast midt på kragen i ei rett linje. Begynn frå venstre side av kragen mot høgre. Bruk mørk burgunder tråd, og pass på å ikkje sy gjennom stoffet.

Ermlengde:

Sjå godt på bilete, ermet på uniforma skal dekka cirka halvparten av handa, ikkje meir.


Flagg:

Dersom uniforma manglar flagg skal det monterast på høgre jakkearm. Det skal vera ca. 7 cm ned frå skuldersaumen til flagget sin overkant. Flagget skal sentrerast midt på armen med dei store raude felta vendt bakover. Det skal syast med ”usynleg” polyestertråd (kan kjøpast på Bernina eller Sparkjøp). Pass på å ikkje sy ned i foret.

 
Bukselengde:
Buksa skal leggast opp slik at ho når til toppen av skosålen på hælen. Buksa skal leggast opp for hand med ”usynleg” polyestertråd. Pass på å ikkje sy gjennom stoffet.

Skoa skal vera svarte, pene gutesko.

 

Stell og reins av uniforma:

Dersom du har fått flekkar på uniformsjakka må ho leverast på reinseri, ikkje prøv å vaska ho sjølv. Ved skade på uniforma er musikanten og føresette ansvarleg for å dekka utgiftene. Når musikanten sluttar skal uniforma reingjerast. Jakka på reinseri, vest/bukse kan vaskast med Milo på ullprogram med låg sentrifugering. Collegejakka skal vaskast og hatten kan frysast i 48 timar.

Musikantar veks mykje i løpet av eit år. Sjekk derfor om lengda på buksa og jakka passar i god tid i forkant før arrangement. Då kan du bytta uniformsdeler hos materialforvaltar.

Elles hugs:

Uniformene skal berre brukast ved arrangement der musikantane har fått beskjed om det og ikkje under andre aktivitetar i fritida. Når arrangementet er over må musikantane skifta til vanlege kler, f.eks etter barnetoget. Føler du deg varm og har lyst til å bretta opp ermene, ta av jakka osv, må du ta det opp med dirigenten før du gjer det. Det er nemleg berre han/ho som kan ta den avgjersla.