Politiattest

Krav om politiattest i Håland og Dysjaland skulekorps

Styret i Norges Musikkorps Forbund har vedtatt at alle medlemskorps skal krevja politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga blei sett i verk 1. oktober 2009. 

I Håland og Dysjaland skulekorps blir ordninga handtert på følgjande måte:

Alle tilsette og frivillige som skal utføra oppgåver for korpset som fører med seg eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige skal skaffa politiattest.

Dette vert gjort i samråd med leiar og sekretær. 

Begge representantane har teieplikt overfor uvedkommande med tanke på dei opplysningar dei får kjennskap til. Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidligare ilagt førelegg/dømt for brot på bestemmelsar i straffeloven om seksualforbrytelsar overfor barn. Korpset har ikkje høve til å be personen om å innhenta politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Innhenting på ein-to-tre:

1: Søknaden om politiattest vert fylt ut av korpset og personen søknaden gjeld for, underteikna av begge og sendt til politiet. 

2: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Han vert ikkje sendt til korpset.

3: Den søknaden gjelder for skal visa fram politiattesten sin til leiar/sekretær.

Skulekorpset skal ikkje lagra attesten, men berre få han framvist til gjennomsyn. Personar som ikkje har framvist politiattest utan merknad kan ikkje settast til oppgåver som fører med seg eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige.

Med venleg helsing

Styret i Håland og Dysjaland skulekorps

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>