Notestativ og instrumentstell

notestativMusikantane har alle fått utdelt sitt personlege instrument og notestativ som dei må ta godt vare på. Korpset eig mange instrument, som kvart kostar mellom 5000 – 80 000 kr, og representerer stor økonomisk verdi for oss. Det er derfor svært viktig at musikantane tar ansvar for pass og stell av instrumentet sitt.

Dersom det oppstår skade/manglar på instrumentet er det viktig at instrumentforvaltar får beskjed om dette.

Gi oss elles tilbakemelding dersom du saknar noko, eller har spørsmål med omsyn til stell av instrumentet.

Smørjing av ventilar:

Dersom ventilane er tørre eller skitne vil det vera hardt å trykka dei opp og ned. Dette fiksar me med ventilolja, som alle skal ha fått då dei fekk utdelt instrumentet. Dersom du ikkje har fått det, spør etter det på ei øving og få læraren din til å visa deg korleis du skal gjera det. Ventilane kan lett bli øydelagde, så ikkje prøv å ordna det sjølv dersom du ikkje veit korleis.

 

Stell av munnstykket:

munnstykkePå grunn av kondens, mat, snop osv, blir alle munnstykka utsatt for irr og belegg. Derfor er det viktig at munnstykka vert reinsa/vaska regelmessig. Munnstykka er avgjerande for klangen i instrumentet, om det er dårleg blir òg lyden dårleg. Pass på at det ikkje er hakk eller andre feil på munnstykket, dette kan skada leppene eller øydeleggja klangen i instrumentet. Gjer det helst til ein regel å skylja munnen før speling, og vent med is og brus til spelinga er ferdig.

Munnstykket bør leggjast i bløyt i lunka såpevatn (Zalo eller Sunlight) og reinsast med ein liten flaskebørste eller pipereinsar. Skyl godt med reint vatn etterpå.

Dersom munnstykket sit fast – vent til du kjem til øving, korpset har eige utstyr til oppgåva. Dersom ein prøver sjølv, kan instrumentet bli øydelagt.

 

Stell av kornett/althorn/baryton/eufonium/tuba:

Instrumenta treng regelmessig vask. Ta instrumentet frå kvarandre, med bøylar og ventilar. La det liggja cirka ein halv time i mildt såpevatn (ein dråpe Zalo eller Sunlight), og børst gjennom krikar og krokar med pipereinsar eller veleigna børster. Skyl med reint vatn og tørk delane godt.

Det er viktig at ventilane blir sett på rett plass. Dei skal vera merka med tal, 1-3, men det kan vera vanskeleg å finna desse merka. Ventilane har hakk dei skal ned i, og det skal ikkje vera nødvendig å bruka makt. Viss dei går treigt kan dei pussast med litt tannpasta, men då må ein vera veldig omhyggeleg med skyljing etterpå. Ventilane må oljast med ventilolje, og bøylane/røyra smørjast med fett.

Pass òg på at korken på spytteklaffen er tett. Prøvespel instrumentet for å sjekka at alt er på rett plass.

 

Stell av trombone:

Trombonar treng òg ein såpevask. Ta frå kvarandre bøyle, slide, og munnstykke, og la det liggja i bløyt cirka ein halv time i mildt såpevatn (Zalo eller Sunlight). Skyl og tørk alle delane. Smør enden på bøyelen og tre forsiktig på plass. Smør enden på den innvendige delen til sliden med eiga smurning og sett sliden saman. Smør sjølve sliden med reint vatn slik at han går glatt og jamt. Sett saman trombonen og prøvespel for å kjenna at alt er som det skal.

 

Stell av slagverk:

Alle trommer, cymbalar og andre instrument må vera reine for at klangen skal bli korrekt. Trommeslagarar har ansvar for eiga tromme, trommesett og ei mengde rytmeinstrument. Sjølv om dei berre har eitt personleg instrument, er det viktig at dei rapporterer eventuelle feil, skader og manglar på fellesinstrumenta til instrumentforvaltar eller ein styrerepresentant.

 

Noteklype:

Hugs å sjekka at noteklypa er i orden og tilgjengeleg når marsjeringa byrjar på våren og vidare utover sommarsesongen. Gi beskjed til instrumentforvaltar dersom klypa er defekt eller du manglar noko.