Grasrotandelen

Det er dyrt å driva eit korps, og me håpar derfor at du vil støtta oss med din grasrotandel!

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping som starta 1. mars 2009 kor du som registrert spelar kan velja eit lag eller ei forening som du ønskjer å støtta – din Grasrotmottakar.

Grasrotandelen går ikkje utover innsatsen eller premien din, men kjem i tillegg til det du spelar for. Har du for eksempel spelt for 100 kroner på Lotto, gir Norsk Tipping fem kroner som går direkte til skulekorpset, dersom du har registrert oss som din Grasrotmottakar.

Grasrotandelen gjeld for alle spel hos Norsk Tipping, unntatt Flax og Extra.

Det er fleire måtar for deg å velja Håland & Dysjaland skulekorps som din Grasrotmottakar:

1. Hos kommisjonær: Last ned dette dokumentet med strekkode. Ta med deg strekkoden og ditt spelarkort til ein av kommisjonærane til Norsk Tipping.
2. SMS: Send GRASROTANDELEN 975669637 til nummer 2020 (tenesta er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no
4. Norsk Tipping Mobilspill.

Me i Håland og Dysjaland skulekorps håpar på støtte di!

Her kan du sjå kor mykje skulekorpset har fått inn til nå.