Historie

Håland og Dysjaland skulekorps vart starta i 1981 med 140 000 kr i støtte frå Sola kommune og sponsorar. Dette holdt til 25 splitter nye instrument, og det minste korpset i Sola kommune var dermed ein realitet. Du kan lesa meir om oppstarten i artikkelen Solabladet skreiv i samband med 25-års jubileet til korpset:

IMG_0001Ester Mossige var den heldige dirigenten som fekk æra av å starta eit heilt nytt korps. Det kribla godt i magen då ho kunne ta imot 25 splitter nye instrument, og tre år seinare fekk korpset endeleg uniformer og fane i tillegg.

hpqscan0011

Visstnok vart det diskutert heftig kva namnet på dette nye korpset i Sørabygda skulle bli, og kvifor det til slutt enda med dette relativt tunge namnet «Håland og Dysjaland skulekorps» er uvisst (veit du det, ta kontakt!). At det skulle skapa problem med å finne eit domenenamn til nettsida 30 år seinare var det nok ingen som tenkte på…