Om korpset

IMG_2297Håland og Dysjaland skulekorps vart starta i 1981 og held til i Sørabygda i Sola og rekrutterer musikantar frå Håland skole og Dysjaland skule. Me er eit brassband, noko som betyr at me i tillegg til slagverk berre har messinginstrument (kornett, althorn, eufonium, trombone, tuba) og ikkje treblås (fløyte, klarinett, saksofon) i korpset. Les meir om dei ulike instrumenta her.

Varierte aktivitetar

Mange veit berre kva korpset gjer på 17. mai, men eit korpsår er fullt av andre kjekke aktivitetar. I tillegg til undervisning i små grupper og korpsøving kvar veke, blir det Europakartarrangert fleire seminar, konsertar, konkurransar, og ikkje minst ein sommartur kvart år. Tradisjonelt pleier korpset å reisa annakvart år til utlandet og i Noreg, og turane har gått til Tyskland, Paris, England, Austerrike, Danmark og mange ulike stader i Norge. Dersom du vil læra endå meir om kva skulekorpset driv med i løpet av eit år kan du gå til aktivitetar i menyen.

Aspirant, junior og hovudkorps

Skulekorpset er delt opp i tre ulike korps. Det første året blir ein kalla aspirant og spelar i aspirantkorpset. År to blir ein junior og spelar i juniorkorpset. Når ein har gått to år får ein lov til å begynna i hovudkorpset i lag med alle dei eldste musikantane. Det er ofte ei

Samarbeid

Korpset samarbeider med, og blir støtta av,IMG_0878 Sola kulturskole og Norges Musikkorps Forbund (NMF). Kulturskulen og korpset følgjer skulen sine feriar.

Inntektene våre kjem frå kontingent, sponsormidler og dugnader. Instrument kostar mykje pengar, og me er derfor alltid på leit etter sponsorar som kan hjelpa oss litt på veg.

Dirigent

Dirigenten i korpset er Geir Olav Hinderaker, instruktør i messinginstrumenter ved Sola kulsturskole.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.