Instrumenta i korpset

Håland og Dysjaland er eit brassband, som betyr at me har messinginstrument (kornett, althorn, baryton/eufonium, trombone, tuba) og slagverk. Nokre korps har med klarinett og fløyter i tillegg, då heiter det janitsjarkorps. Det som er bra med korps er at alle instrumenta er like viktige! Nokre instrument er små, andre større. Nokre gir lys lyd, andre mørk. Og eit av dei passar garantert til deg!

Det som faktisk kan vera avgjerande for ditt val av instrument er munnstykka. Dei er nemleg i ulike storleikar og nokre passar betre til deg enn andre. Som aspirant blir du bedt om å setta opp eit instrumentønske, men etter påmeldinga vil me invitera deg til ei samling kor du får prøva kva for eit munnstykke som passar best, og dermed finna det mest rette instrumentet for deg. Her kan du lesa litt om dei ulike instrumenta i korpset:

Tuba:

Tuba er det største messinginstrumentet i korpset, og sjølve grunnmuren i lag med trommene. Det er svært viktig med (helst fleire) tubaar i eit korps som kan groova skikkeleg (for kva ville vel eit vanleg band vore utan bassgitar?). Tubaen er såpass stor at det kan vera vanskeleg å byrja på instrumentet allereie som aspirant, men ikkje fortvil, det er ikkje noko problem å skifta til tuba når ein blir litt større av vekst.

Mange har berre høyrt tuba spela lange tonar, men det går òg an å spela fine melodiar:

 

I tillegg kan ein gjera noko anna kult på tuba. Ved å spela ein tone samtidig som ein syng ein annan tone, kan ein rett og slett spela tostemt med seg sjølv (òg kalla multiphonics).

Eufonium/baryton

Eigentleg to ulike instrument, og i vaksenkorps skil ein mellom desse instrumenta, men i skulekorps spelar det ikkje så stor rolle. Instrumenta spelar nemleg i same tonehøgde og har like store munnstykker. Eufonium er det nest største instrumentet i eit brassband, og ser eigentleg ut som ein liten tuba, men i motsetning til tubaen, som spelar basslinja, kan ”juff” (eufonium) ofte ha melodi.

Og sjølv om eufonium er eit ganske stort instrument, er det mange på dette instrumentet som likar å spela skikkeleg fort.

Althorn:

Endå litt mindre i storleik enn eufonium, og det minste instrumentet du har på fanget.  Mange meiner at dette er det greiaste instrumentet å byrja på, og i tillegg har instrumentet kjempefin klang. (På engelsk heiter det tenor horn i staden for althorn)

 

 

Trombone:

Eit instrument som er annleis bygd enn alle dei andre messinginstrumenta. I staden for ventilar som ein trykker ned for å skifta tonar har trombone ein ”slide” som ein drar ut eller inn for å forandra tonehøgda. Dette gir moglegheit til mange kule effektar. Korte armar kan gjera det vanskeleg å starta på trombone, så mange byrjar på eufonium eller althorn og skiftar over til trombone etterkvart.

Kornett

Kornett er det minste instrumentet i korpset. Han liknar veldig mykje på ein trompet (og mange vekslar mellom å spela trompet og kornett), men er kortare og har mindre skarp lyd.

I tillegg er det som sagt lett å veksla mellom å spela kornett og trompet.

Slagverk:

Slagverk består utruleg mange forskjellige instrument, og det er derfor umogleg å nemna alle her. Det folk flest kjenner til er trommesettet, og dette er òg det mest brukte i skulekorpset, men slagverk består av ein heile haug med ulike instrument. Ein trommeslagar vil som regel aldri klara å skaffa seg alle instrumenta han har lyst på i løpet av livet sitt.

I tillegg til masse instrument du slår på for å i hovudsak spela rytme, finst det òg melodiske instrument, som for eksempel vibrafon.