Lyst å begynna?

IMG_1883Synst du det er spanande å høyra på korpset når dei spelar på 17. mai eller konsertar? Har du sett og høyrt dei som allereie øver på skulen din og kunne tenka deg å spela sjølv? Då er me skulekorpset for deg! Alle kan læra å spela – du treng IKKJE å kunne NOKO frå før. Ikkje mor eller far heller…

Einaste krav er at du må ha begynt i 3. klasse til hausten eller i ein av klassane oppover.

Påmeldingsfrist er satt til 31/3. Aspirantrekruttering 2017

Opplæring:
Ein gong per veke vil musikanten få undervisning av eigen instruktør i regi av Sola kulturskole. Dette går føre seg på skulen som musikanten høyrer til, oftast på dagtid og i små grupper. Seinare på hausten vert alle dei nye musikantane (aspirantane) samla til samspel i eit aspirantkorps ein gong pr. veka.

IMG_1904Val av instrument:
Håland og Dysjaland skulekorps er eit brassband. Det betyr at korpset er samansett av messinginstrumenter som kornett, althorn, baryton/eufonium, trombone, tuba og slagverk/trommer. Du kan lesa meir om dei ulike instrumenta her.

I innmeldingssøknaden blir du bedt om å setta opp eit instrumentønske. Dette kan vera veldig vanskeleg når alt er ukjent. Nokon instrument er små, andre større. Nokon gir lys lyd, medan andre gir grov lyd. Det som kan vera avgjerande for ditt val av instrument er munnstykka – dei er nemleg i ulike storleikar og nokon passar betre til deg enn andre. Dette vil avgjerast saman med dirigent/styret i korpset.

Det som er så bra med korps er at alle instrument er like viktige! Her er ingen innbyttarbenk og korpset merkar når kvar enkelt musikant/instrument er vekke, liten som stor!

Aktivitetar gjennom korpsåret for musikanten:
Som aspirant får du delta på masse kjekt! I år har aspirantane:

  • Deltatt på seminarer (ved å gå inn på http://fenre.org/7014/ kan du sjå ei eksamensoppgåve med bilete og film frå KM 2010)
  • Selt lodd
  • Spelt på basar og juleavslutning
  • Marsjert i 17.mai-toget
  • Vera med korpset på sommartur

IMG_1910

Aktivitetar gjennom korpsåret for foreldra:

Som alt anna barna driv med må me ha litt hjelp av foreldre, både av praktiske – og inntektsbringande arbeid. Til dømes:

  • Mørkekøyringsdugnad for Kjøyreskulane i distriktet
  • Vakt/kjøkkenhjelp på seminar
  • Marsjeringshjelp før 17. mai
  • Vis interesse og skryt litt av barna. Viktigast av alt!

For kvar inntektsbringande dugnadstime blir 50 kroner godskrive barnet. Sluttsummen vert trekt frå eigenandelen på f.eks den årlege sommarturen.

Eit leserinnlegg om dugnadsryktet til skulekorps: «La barna spille i korps»

Kontingent:
kr 1.000,- pr. halvår

Kontingenten inkluderer medlemskap i korpset og NMF, opplæring i regi av Sola kulturskule, leige av instrument og uniform.

 

Korpsunger blir skarpe gamle (NRK)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>