Turar

Korpset har som mål å reise på sommartur rett etter skuleslutt kvart år. Dette er for mange det store høgdepunktet, og mange tar det som ein tur for heile familien.

Korpset har etterkvart vore på utruleg mange minnerike turar, og Annette Lilleland, den mest uthaldande musikanten i korpset (einaste mottakar av 25-års medalje), tok på seg oppdraget med å gå gjennom korpset sin tur-historie. Dette er det ho fann ut:

2013: BØ I TELEMARK
2012: MANDAL
2011: SVERIGE
2010:
2009: TYSKLAND.
           Lærdom: Ikkje bestill Hamburger herring og tru at du får burger…
           Slukøyra familie på fira fekk i staden kald sild.
2008:
2007: PARIS
2006:
2005: ENGLAND, Scarborough.
2004:
2003: MANDAL
2002: DANMARK
2001: AUSTERRIKE.
           Legendarisk jubileumstur til bl.a Zell Am Zee. Bussen havarerte allereie før me
           kom til Sandnes…
2000: KRAGERØ:
           Regna som fyyy nok ein gong… Bunadssko og tuba blei stadig tømt på
           oppmarsjen.
1999: LUNDE I TELEMARK:
           Regna som fyyyy. Uniformar og bunader lukta våt sau i tronge klasserom.
1998: ENGLAND, Scarborough + London.
1997: TRONDHEIM.
           60-årsdagane til kongeparet.
1996: SINNES: Sommartur ei helg til hytta til Braathens.
1995: VENNESLA
1994: TELEMARKSFESTIVALEN.
           Bø i Sommarland, kino på bedehuset.
1992: DANMARK.
           Lolland + ein snartur på shopping til Tyskland.
1990: NEDERLAND. (Avisutklipp)
           10 dagar. Bussjåføren blei slått ned ikkje langt frå grensa mellom
           Danmark og Tyskland.
1988: BULGARIA. (Avisutklipp)
           14 dagar. Masse sol og bading. Konsertar nesten kvar dag og ei fekk solstikk og
           måtte på sjukehus. Gammalt fly, så Håkon Rege var glad når han høyrte at me
           var komen heilskinna ned for han var bekymra for oss.
1985: VEJLE I DANMARK.
           Legoland, tivoli, Fårup sommarland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.