Konkurransar

Skulekorpset pleier i løpet av året å delta i to ulike konkurransar: underhaldningskonkurransen Stavanger Open og Rogalandsmeisterskapen (RM). Ved å delta i konkurransar får heile korpset eit felles mål å arbeida mot, og blir på den måten endå flinkare. Dei siste åra har skulekorpset gjort det veldig bra i konkurransar og slått mange mykje større korps (sjå resultat nedst på sida).

IMG_1922

Stavanger Open:

På hausten er det konkurransen «Stavanger Open» som står i fokus. Dette er ein konkurranse som legg vekt på underhaldning og sceneframføring. Informasjon om Stavanger Open kan du finne her.IMG_1888

I 2012 vann skulekorpset 3. divisjon brass med 94 poeng! I tillegg vann trommeslagerane solistprisen! Gratulerer masse frå oss alle!

I 2011 stilte hovudkorpset med tema frå «Greese», og vann 3. plass med 92 poeng i 3. divisjon Brass.

Rogalandsmeisterskapen (RM):

Denne konkurransen går føre seg i ein litt meir «seriøs» stil, og ein får ikkje poeng for underhaldning, berre speling. I RM blir det i tillegg arrangert solist og ensemblekonkurransar, og eit eige seminar for aspirantar og juniorar.

Informasjon om RM kan du finne her.

Aspirantane og juniorane har eige seminar og konsert medan hovudkorpset deltar i konkurransen. I fjor stilte også juniorane i konkurransen.

Sjå bilete frå KM 2010 i denne eksamensoppgåva.

Resultat Stavanger Open:
2012: 1. plass i 3. divisjon brass med 94 poeng! Solistpris til slagverkerane.
2011: 3. plass i 3. divisjon brass med 92 poeng.
2010: 3. plass i 3. divisjon brass med 94 poeng.
2009: 2. plass i 3. divisjon brass med 92 poeng.
2005-2008: Deltok ikkje
2004: 9. plass i 3. divisjon brass med 85 poeng. Solistpris til Melissa Alvestad (trombone) og 2. plass i sceneopptreden.
1990: 1. premie for beste sceneopptreden i 3. divisjon.

Resultat RM:
2012: 2. plass i 3. divisjon brass med 89 poeng.
2011: 2. plass i 3. divisjon brass med 90 poeng.
2010: 4. plass i 3. divisjon brass med 87 poeng.
2009: 1. plass i 3. divisjon brass med 92 poeng.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.