17.mai

Korpsdagen med stor K, og dagen då bygdene utan skulekorps merkar kva dei manglar. 17.mai er ein hard, men kjekk dag for musikantane. På midten av 90-talet kunne ikkje skulekorpset marsjera i det heile tatt, men zamba-rytme i trommemarsjen eit år appellerte til sprell, og då Aud Wenche Gudmundsen overtok korpset såg ho moglegheita til å få gjennomført noko ho verkeleg brann for, marsjering i formasjon. Ho hadde nemleg vokse opp i eit slikt korps, og var blitt veldig glad i det.

Over 10 år seinare er å marsjera i formasjon sjølve varemerket til Håland og Dysjaland på 17. mai, og det har resultert i at det minste korpset i kommunen har fleire prisar for «beste musikalske innslag» i Folkatoget. Sjølv om Aud Wenche har gitt seg som fast dirigent overtar ho dirigentpinnen frå Selmer til 17. mai, og instruerer korpset i nye formasjonar.flagg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.